13°Valldal

Norsk
Rafting i Valldal

Aktivitetar

Enkelte har nok med å nyte det dramatiske og vakre landskapet frå bilvindauget eller på turar med fast mark under føtene, andre kan ha trang til å kome nærare naturen og oppleve storheita og krafta av denne direkte på kroppen.

Om du er ein av desse, kan du stoppe og bo hos oss nokre dagar. Med Valldal som utgangspunkt fins ei lang rad fjellturar og toppar du kan bestige. Turane kan avpassast tid og krefter.

Rafting i Valldal

Hagen

Fjellrohagen er vel verdt eit besøk. Her er det rikeleg med plass og besøkande kan finne roa, og nyte ein matbit eller drikke. I enden av hagen strekkjer det stupbratte Syltefjellet seg mot skyene. Stemninga her let ingen vere urørt.

Fjellet og lyden av rennande vatn frå fossen er med på å skape ei spesiell atmosfære rundt Fjellro, ei blanding av dramatikk og stille idyll.

Rafting i Valldal

Overnatting

Fjellro er rett plass å overnatte for deg som vil ha eit alternativ til dei store turisthotella. Romma våre har personleg preg med WC/dusj/TV/internett og er godt skydd frå trafikksusen.

Her kan du finne roa og ei god natts søvn. Dei fleste romma er doble, men vi har òg fleire familierom med 3-4 senger og moglegheit til å setje inn barneseng. Alle romma våre er røykfrie – lik resten av hotellet.

Rafting i Valldal

Mat og drikke

I den fargerikt innreidde hovudbygninga ifrå 1917 finn du vår populære kafé og resepsjon. I andre etasje er vår smakfulle fiskerestaurant Fjellrosa.

I kjellaren er du velkomen til vår britisk-inspirerte Bill's pub, der det ofte spelast live-musikk i helgene. Vi har alle rettigheiter, og kan skilte med ei av dei største whiskysamlingane i distriktet.

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies