16°Valldal

Norsk

Atlanterhavsvegen svingar seg over bruer og fyllinger frå holme til holme heilt ytterst i havgapet imellom Bud og Kristiansund.

På dei mange rasteplassane kan ein lett parkere bilen og vandre nokre få meter til dei finaste svaberg og fiskeplassar. Nokre steinkast mot vest går skipsleia over den frykta Hustadvika der utallige skipsvrak ligg på botnen. Mange tar turen hit når hauststormane set inn - det er litt av eit skue når storbåra slår inn mot (og nokre gongar over) vegen. Vegarbeidarane opplevde 12 orkanar under bygging av Atlanterhavsvegen før den blei opna i 1989. Rundt år 1900 budde det heile 120 menneske på desse forblåste holmane. Dei livnæra seg av fiske og tørking av fisk.

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies