-4°Valldal

Norsk

Fjellrohagen er vel verdt eit besøk. Her er det rikeleg med plass og besøkande kan finne roa, og nyte ein matbit eller noko å drikke.

I enden av hagen strekkjer det stupbratte Syltefjellet seg mot skyene. Stemninga her let ingen vere urørt. Fjellet og lyden av rennande vatn frå fossen er med på å skape ei spesiell atmosfære rundt Fjellro, ei blanding av dramatikk og stille idyll. Fjellro si rolege og avskjerma plassering er idéell for barnefamiliar.

Hagen er ein populær plass, sidan borna kan boltre seg fritt og trygt. Her finst òg disser. Sjølv om Fjellro ligg like ved turistvegen, kan borna Dykkar likevel leike i hagen utan at De treng å uroe Dykk for deira tryggleik. 

Helgedagar der vêret er varmt og herleg opnar grillbaren med forlokkande grillmeny. I baren får du òg avkjølt øl og anna drikke.

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies