10°Valldal

Norsk

Fjellro var bygd som privathus av den lokale eksentrikaren og mestermøbelsnekkaren Carl I. Hoel og stod ferdig i 1919. Originalnamnet på huset er «New Home» .

Hoel dreiv òg tømrar/snekkaropplæring for bygdas finsnekkarar. Ca.1940 kjøpte det lokale helselaget huset, og det endra no status til pensjonat og hybelinternat for skuleelevar. Ein kuriositet er at då helselaget utlyste konkurranse for å finne eit nytt namn til byggjet, var det besta mi, Nickoline Døving, som kom med Fjellronamnet. Mange historier kan forteljast om ting opplevd i tilknyting til opphald her, frå både gjestar og drivarar opp gjennom åra. I 1975 vart huset seld igjen, no til Aud og Umberto Minutella, som dreiv fram til 1985.

Gamle fjellroFrå 1985 er drifta fronta av oss, Eli Linge og Michael Boatwright. Eg kjem frå Valldalen, og er ekte Syltetaus, altså frå gata her. Mike, er frå England, men har no budd i Valldal sidan 1975. Før vi kjøpte Fjellro, dreiv vi eitt av Møre og Romsdals første keramikkverkstadar; Syltekrukka potteri, med verkstad rett ned i gata. Vi likar å tru at vi har tatt med oss fleire av våre skapande idear, i allfall fargar, og overført desse til Fjellrobygga. For no har Fjellro atter ein gong endra status, no er det eit turisthotell, og fleire nye overnattingsbygg er prøvd tilpassa morbygget. Desse er plassert i hagen, som òg har fått ei utescene, mykje blomster, benkar og bord, rennande foss, og god plass til å nyte livet. Enkelte fine sommarsdagar kan hagen summe med folk og levande musikk frå scena.

For å kunne drive ein slik stad, er vi i djup takksemd til både Mike og mine sine foreldre, som kvar sesong, nesten heilt fram til dei døydde, stod på og hjelpte oss på ymse vis. Utan dei hadde vi aldri vore her i dag. Alt frå å reparere hus, byggje bar, vaske opp, stelle rom, servere eller passe born, hjelpte dei til med. Desse borna, Arador og Sean Eivind, har etter tur lært seg servering og overnattingsyrket. Dei har sett hotellyrket frå innsida og har vore trufaste støttespelarar heile vegen.

Fjellro har fått mange andletsløft opp gjennom åra. Mike er nevenyttig og svært full av idear. Det er alltid eit kvart nytt på gang, av og til vèl mange nye ting. Det er ikkje å overdrive å seie at han utanom å klekke planar, òg er hotellet sin gartnar, snekkar, murar, tapetserar, målar og kokk. Sjølv om han no nett har vorte pensjonist, aktar han ikkje leggje inn årane med det første. Eg er hans støttespelar og assistent, og har med tida vorte rimeleg god til å sjonglere. Eg er hotellet sitt andlet utad, og om nokon finn meg i det rette lunet, kan det tenkjast at eg fortel ei og anna skrøne, eller noko som har med historia til dette huset å gjere.

Forutan den nærmaste familien, har vi vore så heldige å få ny hotellfamilie. Unge fine medarbeidarar, mange av dei frå Sverige, har trufast stillt opp, sesong etter sesong. Ofte har dei vore til god hjelp for å rekruttere nye skot til stamma, sidan dei veit kva dette service- og hotell-livet dreiar seg om. Ikkje berre er desse gode medarbeidarar, men dei er òg heilfrelste Valldalspatriotar, utforskar bygda, fjella og fjorden ved eit kvart ledigt høve, for så å gi eigenopplevd informasjon og gode råd vidare til våre hotellgjestar.

Om du har lese dette, vonar vi at du kjem ein tur innom. Du er hjarteleg velkomen!

Eli Linge Boatwright

Bestill no

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies