Valldal

Norsk

Kaféen ligg i eit stort, dekorativt og luftig lokale - som også fungerar som resepsjon. Om du er hotellgjest og skal sjekke inn eller ut, eller kafégjest som er svolten og tørst, vonar vi å kunne hjelpe deg. Våre tilsette vil ta imot deg og syne deg til rommet ditt, eller vise deg til eit ledig bord. Det er òg råd å få servering på uteterassane til hotellet eller hagen. Ynskjer du mat levert til rommet ditt, ordnar vi det!

På kafémenyen har vi både pizza, smårettar og lunsjrettar til ein overkomleg penge. Her er bondekost og andre tradisjonsrettar, lett iblanda ein meir kontinental meny. Vi set vår ære i å servere god heimelaga mat, gjerne etter lokale oppskrifter og med mest mogleg lokale råvarer. Vi har i tillegg eit godt utval av drikke, med alle rettigheiter. Velkomen til Fjellro kafé!

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies