Valldal

Norsk

Nærleiken til fjella, fossen og alle utfluktsmål gjer Fjellro til eit spanande utgangspunkt for å arrangere Kickoffs og Teambuilding/konferansar på.

Dei spesielle omgjevnadene og den gode personlege servicen er vårt varemerke. Restauranten, kaféen og baren fungerar som tre utmerka konferansesalar - i tillegg til ei mindre gjestestove med eige lerret og prosjektor. Kontakt oss og vi kan diskutere opplegg for ein minneverdig og spanande konferanse! Du skal sleppe alt stresset med å arrangere selskap sjølv, vi kan gjere arbeidet for Dykk om ønskeleg. Alt du treng å gjere er å kose deg, nyte god mat og drikke og dei andre gjestane sitt selskap, medan vi vartar deg opp.

Vi leiger ofte ut lokala våre eksklusivt til bryllup, begravelse, dåpsfest og så bortetter. Fjellro kan skreddarsy både høgtidsstemte og meir avslappa selskap til ditt ynskje. I festsalen vår kan De feire dagen i fred og ro.

Under høgsesongen kan det vere rift om plassar for lunsj, middag eller overnatting. Fjellro har fått svært positive tilbakemeldingar ifrå gjestar som har brukt oss som destinasjon. Vi gjer alltid vårt ytterste for at kvar gjest skal kjenne seg velkomen og få god personleg service.

Hotellet har alle rettigheiter.

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies