16°Valldal

Norsk

Ta turen til Tafjord om du vil vitje Muldalssetra, Zakariasdammen eller Tafjord Skredsenter. Er du interessert i turgåing i fjell, er Tafjordfjella noko for deg!

Muldalen og Muldalssetra

Den lange hengedalen Muldalen munnar ut 370 meter over innsjøen i Tafjorden. Før kraftutbygginga var den kraftige Muldalsfossen eit imponerande skue der den kasta seg utfor kanten med sine 180 meter fall. Sjølv etter reguleringa renn det litt vatn i elva, og fossen er framleis sjåverdig frå utsiktspunktet nedanfor.

Muldal er også kjent frå historia der jordmor Jensine ein januardag i 1886 la ut på ei strabasiøs ferd frå Eidsdal til Muldal for å redde ei mor og hennar ufødte barn. Sjølv om ho var nær ved å gi opp fleire gongar, kom ho fram og fekk redda mor og barn, fortel historia. Det er ein lang tur på 3 mil over fleire fjell og skar. 

Muldal passar fint som familietur, der vegen slyngar seg oppover i 13 svingar og har ei stigning på cirka 370 meter. Men ein må vise varsamheit oppe på kanten av Muldal. Her har det dessverre vore dødsfall der folk har vore for langt fram på svaene. Elva er også regulert, slik at det kan kome vassutslepp utan varsel. 
Ein brukar cirka 1 time opp til Muldal fra parkeringsplassen.

Ein annan fin tur, er å gå innover den forholdsvis flate Muldalen mot Muldalssetra/Tafjordsetra. Setrene ligg på eit lite utkikspunkt mellom kampesteinar og herfrå kan ein også sjå mot Raudnukdalen med sine raude knollar av olivinstein. På turen innover til setrane får ein med seg dei finaste delane av Muldalen. 

Zakariasdammen

Zakariasdammen er ei demning som demmer opp Zakariasvatnet (450-375 moh.) i Norddal kommune. Betongdemninga blei bygd i perioden 1966-69 og er 96 meter høg. Den er ein del av Tafjord 4, og vatnet er hovudmagasin for kraftverket. Zakariasvatnet rommer 70 millionar m³ vatn og er det største av dei 13 magasina i Tafjordfjella. Nedste-Rødal med fleire gardsbruk blei neddemma ved reguleringa.

Det går ein privat veg (bygd og eigd av Tafjord Kraft) frå Tafjord opp til Zakariasdammen og vidare til Øvste Rødal. Zakariasdammen blei tildelt arkitekturprisen Betongtavla i 1976.

Tafjord Skredsenter

Her finn du små og store opplevingar for heile familien. Ta turen hit for å fylle dagen med ei oppdagingsreise i geologi, natur og energi i samhandling med kvarandre. Du kan skli ned rørgata deira og bli ein del av straumleveransen til Tafjord Kraftproduksjon, oppleve Tafjordulykka gjennom film og utstilling, lage dine eigne skredeksperiment og finne ut kor mykje straum det går an å produsere ved å bruke din eigen kropp.

Les meir her.

Sidene er utviklet av Digi Publishing AS

Cookies