Info & reservations +47 70 25 70 65 / +47 90 14 89 97 / post@fjellro.no

Trollstigen

Trollstigen knyt saman Valldal på Sunnmøre og Åndalsnes i Romsdalen. Dette er ei av Noregs største og mest besøkte attraksjonar, med sine smale, svingete og stupbratte vegar og bruer.

Strekninga er i seg sjølv ei oppleving; ein tradisjonsrik turistveg i dramatisk vestlandsnatur med høge fjell, djupe fjordar og frodige dalar. Historiske Trollstigvegen med 11 buktande svingar blei åpna sommaren 1936. Sjølve Trollstigplatået framstår i ny og moderne drakt, med ei arkitektonisk heilheit i bygningar, stiar og utsiktsplattformar. Turistnæringa i Geiranger har lange tradisjonar med å tilrettelegge og tilby turistane spektakulære møter med naturen.

Å køyre Trollstigen er ikkje noko for den som har høgdeskrekk. Fjellvegen kronglar seg oppover bergsida, der fjella har majestetiske namn som Kongen, Biskopen og Dronninga. Utsikta er unik og kan ta pusten frå ein. Under ei vakker steinbru, der trafikken passerar, kaster Isterfossen seg vågalt ut og ned i den frodige Isterdalen. Trollstigen er eit godt døme på stor bygge- og ingeniørkunst.

Opplev Fjellro og dei vakre omgivnadane

Ved å bo ei natt eller to på vårt unike hotell, kan du bruke oss som base for å utforske Valldal og nærliggande attraksjonar. Hotellromma våra ligg nær hovudbygninga, inntil den koselege hagen og fjellet.

Fjellro Turisthotell

Syltegata, Valldal

4,0 136 reviews

  • Avatar Shon, B.I. ★★★★★ 9 months ago
    Very good service, clean room, very comfortable for the family, very rich and delicious breakfast
  • Avatar Imke ★★★★★ 9 months ago
    Had Coffee & Snack. Very friendly and helpful!
  • Avatar Stefan Fryklund ★★★★★ 10 months ago
    Perfect place in the middle of Geiranger and Trollstigen
  • Avatar John Mason ★★★★★ a year ago
    This was a charming, pretty hotel. Dinner was delicious. The friendly proprietor has taught English, and she was great at answering my questions about Norwegian. … read more

Se Google-anmeldelser Legg igjen en anmeldelse