Hendingar
Her ser du kva slags hendingar Fjellro arrangerer på hotellet. Vi gjer merksam på at Facebook sida vår oftast blir oppdatert. Du kan besøke ho her: https://www.facebook.com/FjellroTuristhotell.
Olsokfestival
Olsok feirar vi siste helga i juli kvart år i Valldal. I samanheng med feiringa brukar vi å arrangere levande musikk og gris- og lammegrilling i hagen på Fjellro.
Bluesfestival
Kvart år arrangerer vi ein internasjonal bluesfestival med musikarar i toppklasse. Vi sørger for god stemning, topp musikk og ikkje minst intimkonsertar. Besøk Facebooksida vår her for å lese meir. For å bestille billettar kan du ta kontakt direkte, ved å besøke kontakt oss-sida.
Pub-quiz
Vi arrangerer regelmessig quiz i puben. Dette er blitt veldig populært, og vi rådar alle til å bli med på moroa!