Info & reservations +47 70 25 70 65 / +47 90 14 89 97 / post@fjellro.no

Kafé

Kaféen ligg i eit stort, dekorativt og luftig lokale – som også fungerar som resepsjon. Om du er hotellgjest og skal sjekke inn eller ut, eller kafégjest som er svolten og tørst, vonar vi å kunne hjelpe deg. Våre tilsette vil ta imot deg og syne deg til rommet ditt, eller vise deg til eit ledig bord. Det er òg råd å få servering på uteterassane til hotellet eller hagen. Ynskjer du mat levert til rommet ditt, ordnar vi det!

På kafémenyen har vi både pizza, smårettar og lunsjrettar til ein overkomleg penge. Her er bondekost og andre tradisjonsrettar, lett iblanda ein meir kontinental meny. Vi set vår ære i å servere god heimelaga mat, gjerne etter lokale oppskrifter og med mest mogleg lokale råvarer. Vi har i tillegg eit godt utval av drikke, med alle rettigheiter. Velkomen til Fjellro kafé!

Puben

I kjellaren finn du vår britiskinspirerte «Bills Pub», der stemninga er intim og innbydande. Som reisande kan du her slappe av eller utveksle reiseopplevingar med andre menneske på veg.

Puben har alle rettigheiter og serverer ei rekke alkoholhaldige og alkoholfrie drikkar. Og er kjend for si utmerka single-malt whiskysamling.

I høgsesongen er opningstida 22.00 – 02.30. Enkelte helger byr vi på live musikk av topp kvalitet. Ei lang rekke kjende blues-, rock- og bluegrassartistar har gjesta scena vår opp gjennom åra.

Restaurant

Velkomen! Her i Fjellrosa fiskerestaurant vonar vi du finn deg vèl til rette. La våre servitørar ta hand om deg, svare på dine spørsmål og kome med gode tips og råd rundt vår mat og drikke. For dei og oss, er du den viktigaste personen i rommet. For å sjå våre menyar, klikk på bileta under.

Målet vårt er at du skal gå herifrå ei oppleving rikare, at både munn, auge og gane vert pirra og tilfredsstilte. Difor er menyen vår komponert av dei beste råvarer. Alt etter kva årstid det er, kan du oppleve smakar frå fjord og fjell eller ramsalte havòp Kokken vår planlegg menyen utifrå tradisjon og fantasi og gjer sitt beste for at kvaliteten og særpreget skal kome til sin rett. La deg lokke og la deg freiste – nyt dagen, maten og livet her og no!

Hagen

Fjellrohagen er vel verdt eit besøk. Her er det rikeleg med plass og besøkande kan finne roa, og nyte ein matbit eller noko å drikke.

I enden av hagen strekkjer det stupbratte Syltefjellet seg mot skyene. Stemninga her let ingen vere urørt. Fjellet og lyden av rennande vatn frå fossen er med på å skape ei spesiell atmosfære rundt Fjellro, ei blanding av dramatikk og stille idyll.

Fjellro si rolege og avskjerma plassering er idéell for barnefamiliar. Hagen er ein populær plass, sidan borna kan boltre seg fritt og trygt. Her finst òg disser.

Sjølv om Fjellro ligg like ved turistvegen, kan borna Dykkar likevel leike i hagen utan at De treng å uroe Dykk for deira tryggleik. Helgedagar der vêret er varmt og herleg opnar grillbaren med forlokkande grillmeny. I baren får du òg avkjølt øl og anna drikke.