Info & reservations +47 70 25 70 65 / +47 90 14 89 97 / post@fjellro.no

Geiranger

Geiranger er sjølve underet blant naturperlene i Fjord-Noreg med majestetiske, snødekte fjelltoppar, vakre og ville fossar, frodige fjellsider og ein djupblå fjord – ja, det er mest som eit eventyr. Geirangerfjorden fekk i 2005 status som verdsarvområde av UNESCO.

Bli med på fjordsightseeing og opplev alt dette. Geirangerfjorden blir ansett for å vere verdas vakraste fjord. Dei smale fjordtungene bølgar seg mellom majestetiske fjell, ville fossefall og intens grøn og frodig vegetasjon. Om du opplever naturen frå dei kronglete fjellvegane til fots, i bil eller frå cruisebåtane på den middelhavsgrøne fjorden, vil inntrykka ikkje la nokon vere urørte.

Bli med på fjordsightseeing og opplev alt dette. Geirangerfjorden blir ansett for å vere verdas vakraste fjord. Dei smale fjordtungene bølgar seg mellom majestetiske fjell, ville fossefall og intens grøn og frodig vegetasjon. Om du opplever naturen frå dei kronglete fjellvegane til fots, i bil eller frå cruisebåtane på den middelhavsgrøne fjorden, vil inntrykka ikkje la nokon vere urørte.

I Geiranger møter du språkmektige og hjelpsame menneske som har eitt mål for auget; at opphaldet ditt i Geiranger skal bli ei positiv og minnerik oppleving. I Geiranger er du hjarteleg velkomen!

Trollstigen

Trollstigen knyt saman Valldal på Sunnmøre og Åndalsnes i Romsdalen. Dette er ei av Noregs største og mest besøkte attraksjonar, med sine smale, svingete og stupbratte vegar og bruer.

Strekninga er i seg sjølv ei oppleving; ein tradisjonsrik turistveg i dramatisk vestlandsnatur med høge fjell, djupe fjordar og frodige dalar. Historiske Trollstigvegen med 11 buktande svingar blei åpna sommaren 1936. Sjølve Trollstigplatået framstår i ny og moderne drakt, med ei arkitektonisk heilheit i bygningar, stiar og utsiktsplattformar. Turistnæringa i Geiranger har lange tradisjonar med å tilrettelegge og tilby turistane spektakulære møter med naturen.

Å køyre Trollstigen er ikkje noko for den som har høgdeskrekk. Fjellvegen kronglar seg oppover bergsida, der fjella har majestetiske namn som Kongen, Biskopen og Dronninga. Utsikta er unik og kan ta pusten frå ein. Under ei vakker steinbru, der trafikken passerar, kaster Isterfossen seg vågalt ut og ned i den frodige Isterdalen. Trollstigen er eit godt døme på stor bygge- og ingeniørkunst.

Trollveggen

Trollveggen er Europas høgste loddrette stup, og det ligg i Romsdalen i Rauma kommune.

Frå bunnen av dalen og opp til toppen av Trollveggen er det nesten 1800 meter. Av dette er over 1000 meter loddrett, og enkelte stadar “heng” veggen 50 meter utover. På motsett side av Trollveggen ragar Romsdalshornet opp i 1555 meters høgde.

Trollveggen har vore eit ynda mål for klatrarar, og var første bestige i 1965 av eit norsk og engelsk klatrelag. Samtidig er dette eit utgangspunkt for basehopping, sjølv om det er ulovleg. Ein kan difor av og til sjå menneske i vingedrakt suse nedover når ein køyrer forbi via Trollstigen!

Ålesund

Ålesund er internasjonalt kjend for sin særprega arkitektur i jugendstil med tårn, spir og fantasifulle ornament på husfasadane.

Ålesund fungerar som eit knytepunkt for tenester og kommunikasjon for heile Sunnmøre. Dette er den største byen mellom Bergen og Trondheim, og er ei av verdas største eksporthamner for klippfisk, der dei i tillegg har ei travel fiskerihamn midt i sentrum med sal av fersk fisk og reker. Ålesund har eit stort utval av butikkar, restaurantar, kaffibarar, utestadar og pubar. Utelivet er karakterisert som variert, intensivt og urbant og fordelar seg på rundt 30 utestadar.

Meir informasjon om byen finn du her: Besøk Ålesund.

Atlanterhavsparken

Sidan 1998 har Atlanterhavsparken, eit av Nord-Europas største og mest unike saltvassakvarier, vore eit utstillingsvindu for livet langs Norskekysten og Atlanterhavet.

Akvariet er ei arkitektonisk perle, plassert midt i den spektakulære naturen på Tueneset, 3 km fra Ålesund bysentrum. Med utsikt rett mot storhavet, dei rike fiskefelta og dei djupe norske fjordane, kan ein her observere, oppleve og lære om livet i havet, slik naturen er. Hausten 2014 opna dei sin nye attraksjon Selbukta, som er heimen til steinkobbane, med blant anna eit eige undervassobservatorium. I tillegg er det verdt å helse på pingvinane og sjå på når dei blir fora!

Meir om Atlanterhavsparken.

Atlanterhavsvegen

Atlanterhavsvegen svingar seg over bruer og fyllinger frå holme til holme heilt ytterst i havgapet imellom Bud og Kristiansund.

På dei mange rasteplassane kan ein lett parkere bilen og vandre nokre få meter til dei finaste svaberg og fiskeplassar. Nokre steinkast mot vest går skipsleia over den frykta Hustadvika der utallige skipsvrak ligg på botnen. Mange tar turen hit når hauststormane set inn – det er litt av eit skue når storbåra slår inn mot (og nokre gongar over) vegen. Vegarbeidarane opplevde 12 orkanar under bygging av Atlanterhavsvegen før den blei opna i 1989. Rundt år 1900 budde det heile 120 menneske på desse forblåste holmane. Dei livnæra seg av fiske og tørking av fisk.

Herdalen

32 sel ligg her i klynge og dei gamle setertradisjonane blir framleis heldne i hevd.

Å vitje Herdalssetra er ei koseleg utflukt for heile familien. Her har seterfolk ysta brun og kvitost i over 300 år — i dag produserar dei óg ekte geitemelkskarameller. Geit og andre dyr vandrar fritt rundt og beiter på engene. Dei er for det meste i godlynne og likar å bli klappa. For å kome til Herdalssetra må du reise til Norddal. Berre turen frå Norddal og opp til Herdalssetra langs ein slingrete bomveg, er verdt turen åleine.

Du finn meir informasjon om Herdalssetra her.

Gudbrandsjuvet

Gudbrandsjuvet, midt mellom Trollstigen og Valldal sentrum, er eit imponerande system av jettegryter som avdukar eit 5 meter breitt og 20 meter djupt juv.

Ifølgje ei soge frå 1500-talet blir det fortelt at Gudbrand bykste over juvet med si bortrøva brud. I dag er Gudbrandsjuvet ei av dei mest besøkte turistattraksjonane i Valldal og på The Golden Route. Attraksjonen kan vitjast på nært hald via gangbruer over vatnet.

Tafjord

Ta turen til Tafjord om du vil vitje Muldalssetra, Zakariasdammen eller Tafjord Skredsenter. Er du interessert i turgåing i fjell, er Tafjordfjella noko for deg!

Muldalen og Muldalssetra

Den lange hengedalen Muldalen munnar ut 370 meter over innsjøen i Tafjorden. Før kraftutbygginga var den kraftige Muldalsfossen eit imponerande skue der den kasta seg utfor kanten med sine 180 meter fall. Sjølv etter reguleringa renn det litt vatn i elva, og fossen er framleis sjåverdig frå utsiktspunktet nedanfor.

Muldal er også kjent frå historia der jordmor Jensine ein januardag i 1886 la ut på ei strabasiøs ferd frå Eidsdal til Muldal for å redde ei mor og hennar ufødte barn. Sjølv om ho var nær ved å gi opp fleire gongar, kom ho fram og fekk redda mor og barn, fortel historia. Det er ein lang tur på 3 mil over fleire fjell og skar.

Muldal passar fint som familietur, der vegen slyngar seg oppover i 13 svingar og har ei stigning på cirka 370 meter. Men ein må vise varsamheit oppe på kanten av Muldal. Her har det dessverre vore dødsfall der folk har vore for langt fram på svaene. Elva er også regulert, slik at det kan kome vassutslepp utan varsel. Ein brukar cirka 1 time opp til Muldal fra parkeringsplassen.

Ein annan fin tur, er å gå innover den forholdsvis flate Muldalen mot Muldalssetra/Tafjordsetra. Setrene ligg på eit lite utkikspunkt mellom kampesteinar og herfrå kan ein også sjå mot Raudnukdalen med sine raude knollar av olivinstein. På turen innover til setrane får ein med seg dei finaste delane av Muldalen.

Zakariasdammen

Zakariasdammen er ei demning som demmer opp Zakariasvatnet (450-375 moh.) i Norddal kommune. Betongdemninga blei bygd i perioden 1966-69 og er 96 meter høg. Den er ein del av Tafjord 4, og vatnet er hovudmagasin for kraftverket. Zakariasvatnet rommer 70 millionar m³ vatn og er det største av dei 13 magasina i Tafjordfjella. Nedste-Rødal med fleire gardsbruk blei neddemma ved reguleringa.

Det går ein privat veg (bygd og eigd av Tafjord Kraft) frå Tafjord opp til Zakariasdammen og vidare til Øvste Rødal. Zakariasdammen blei tildelt arkitekturprisen Betongtavla i 1976.

Tafjord Skredsenter

Her finn du små og store opplevingar for heile familien. Ta turen hit for å fylle dagen med ei oppdagingsreise i geologi, natur og energi i samhandling med kvarandre. Du kan skli ned rørgata deira og bli ein del av straumleveransen til Tafjord Kraftproduksjon, oppleve Tafjordulykka gjennom film og utstilling, lage dine eigne skredeksperiment og finne ut kor mykje straum det går an å produsere ved å bruke din eigen kropp.

Les meir her.